Nostalgi, EFIT, bikkje,håndarbeid, og min oppriktige mening! Scroll og kos deg.


Ha alltid med deg en bok, spilleliste og sorte poser på din vei....


May the circle be open, but unbroken
May the peace of the Godess be forever in your heart..
Merry meet, and merry part
And merry meet again.....

Mitakuye oyasin

Blessed be!







fredag 7. april 2017

Dødsdrift i litteraturen- er det truverdig?

Jau ,dette innlegget skriv eg på nynorsk. Det er heime-eksamen på gang, og før eg knotar ned 4000 ord på sidemål, så må eg ha meg litt meir skrivetrening.

(Eg ryker nok på verba som vanleg...)

I dag vil eg grubla litt  rundt  fenomenet dødsdrift.
Eg mistenker at dette er like reelt som kannibalar med bein i nasen og  ender i matrosdress og raud lubben bil.
Med andre ord :  noko som kun eksisterar mellom to permar. Skjønt... eksisterar? Er dette truverdig?Eg  er full av tvil. Ein må kanskje også tenke at om det finnast så må det finnast reelle spor etter dette i det levande livet og. Å søke tilflukt i galskapen , lik Shakespeare sin Ofelia i Hamlet  kan hende  omtalast med smarte omgrep i psykiatrien i dag.  Ein kan i alle fall ikkje seie at det ikkje skjer.


Sjølvmord er ikkje noko ukjent fenomen i den episke diktinga. Eg kan dessverre ikkje anna enn å tru på sjølvmord. Det skjer dessverre. Men sjølvmord i diktning er ikkje som sjølvmord i røyndommen. Å ta sitt liv i litteratur er på mange vis interessant.... Det symboliserar så mykje. Når nokon tar livet sitt i det verkelege liv er det berre trist og alt for nært.

For å gje det ein twist, så kan ein i  diktning  tydelegvis vurdere om dette sjølvdrapet handlar om dødsdrift  eller ikkje. Sån rent teorietisk altså..Vi leikar med ideal,  typar og figurar, ikkje levande sjelar.

For den som ikkje veit dette : dødsdrift er ei innebygd lengt etter å døy, utan at ein er medviten om dette sjølv. Nokon må settje deg i gang i prosessen, som har murra og gått i tilværa utan at du har hatt ord  for dette, eller vore klar over trongen. Resultatet er  gitt : du tek ditt liv. Det vere seg på det eine eller det andre viset.

Altså : dødsdrift er ikkje det same som depresjon. Eg har forstått det slik at  er ein suicidal er det ikkje fordi ein vil døy, men at det er for tungt å handtere det å leva. At ein tar dumme destruktive val er ein blanding av sjølvstraff og sjølvforakt, som rusmisbruk , at  ein utsett seg for farlege situasjonar, eller ikkje tar tak i problema sine.
Så ein som er deprimert, ekte deprimert har ikkje dødsdrift.,og dei som gjennomfører dette ønsker ikkje at det skal ende slik. Vi må derfor leite i litteraturen etter denne drifta .

Så, eg spør : finnes dødsdrift? I litteraturen? Eller er det ein teori uten meining? Dei store kjenslene og driftene har jo alltid speila kva ekte menneskje møtar. Så, om det er slik på jorden, så kan ein og finne det i kunsten
Eg tenkjer først og fremst at   det er mange logiske grunnar for å møte døden for eigen hand i litteraturen og i filmens verd.

I nokre filmar vil karakteren døy med verdighet. Ein kan vel trygt  kalle det aktiv dødshjelp.  Seriemordaren Dexter i serien med same namn  hadde lite glede av å hjelpe arkivaren Camilla på dette viset. Sjølv om Camilla ikkje kunne vente med å møte  ektemannen att på den andre sida så kan ein ikkje hevde ho hadde nokon grad av dødsdrift?

Det er nok av  situasjonar  på skjermen der ein karakter seier :" Eg er ferdig. Etterlat meg her  med * sett inn type våpen som passar *, og eg skal sørgje for at de kjem dykk unna, ta med meg eit par skurkar til  på vegen.... "  Dette er på mange måtar eit døme på  sjølvmord. Ofte er ein skada i eit bein , eller blør ein del ...  Dagane hans eller hennar er talde.  Dette scenarioet finn ein i mang ein B-film og  serie Men dødsdrift?

Nei.

Ein nærliggjande variant er det store offeret, der ein åpent går sin lagnad i møte, for ein god sak. I  omtrent alle Twilight filmane prøvar  Bella  seg på dette.  Aslan i Narnia gjennomfører det og..
Ingen av dei er tiltrukket av døden  Ingen av dei  har nokon dødsdrift.  Ikkje en gang den stakkars jenta i Breaking the Waves har dødsdrift, ho vil berre redde ektemannen sin. Hedvig i Vildanden er plaga av mange tunge tankar, og det ender ille, men eg kan ikkje spotte nokon dødsdrift


Så har vi "ingen veg tilbake " sjølvmordet
Det kan ein tru på. Sjølv om ein ikkje alltid kan være samd med karakteren  i at det ikkje er andre utvegar. Om ein ser sine idealar smuldre bort, alt ein har hatt som rettesnor lede inn i ei blindgate, så er det lett å forstå at det ender slik, ei kjem seg aldri ovanpå att.Alt er tapt..
Solstads sin  Elias Rukla kan like gjerne ende bilturen i ein fjellvegg som heim til fruen etter enda ein runde i rundkøyringa...
Romeo og Julie er vel og i denne kategorien, og dei fleste som tek steget over stupet  i Ibsens stykker. Den godaste Henrik har ein del liv på samvetet.... Eg kan forstå  at Javert i Les Miserables kaster seg i Seinen, det er ein æressak. Eg er ikkje samd , men eg ser logikken.

Sjølvmord kan og vere ein flukt, ein siger, sidan ein vil ikkje la seg ta til fange. Må nesten nemne Thelma og Louise her, på full fart ut i The Grand Canyon i ein snasen bil.


 Om ein tiltrekkjast av det farlege og destruktive, er det dødsdrifta som kviskrar?  Er Unn i Vesaas sin roman Is-slottet styrt av denne drifta? Eller kjenner ho ikkje faren med kulde , å bli våt og utmatta? Ho går  opprømt mot fossen, for å ha noko å fortelle Siss om. Deprimert, ja. Redd for å ikke komme til himmelen? Jau! Har ein dødsdrift om ein ikkje veit om ein lønnast i den neste verda?  Neppe!

Frøken Julie, født og myrda av Strindbergs sinn og penn skal visstnok vere styrd av dødsdrift når det ender med morgengry og ein blodig barberkniv i doggvått gras. Ho er dagen etter St Hans natta plassert i ein håplaus situasjon, ingen tvil om det. Ho vet no meir om seg sjølv og verda enn ho har godt av. Akutt deprimert ,desillusjonert, og lett å lede av ein som har meir styrke enn ho sjølv... er det dødsdrift?

Mange meiner det.
Eg  konkluderar  at eg  framleis leitar  etter det heilt utvetydige dømet og beviset på denne  drifta.
Som i røyndommen  kan ein ta det triste valet fordi ein ikkje ser nokon annen utveg, eller meir sjeldan  fordi ein kanskje trur at det vil vere til det beste for ein god sak.
Å vere destruktiv eller deprimert er ikkje  kjenneteikn på dette fenomenet, det er heilt sikkert.

Om ein trur på dødsdrift, så må ein også tru at ein fiktiv eller verkeleg person kan bli fødd med ikkje noko større ønskje enn å flykte inn i døden, og bli borte. Ikkje på grunn av ei krise eller eit langvarig traume, men at dette styrast av  mektige krefter i deg sjølv.
For meg er det like absurd som å tro at nokon blir fødd onde. Det blir for deterministisk for meg.
Veldig onde karakterar er og sårbare. Og mange kan omvendast. Dei gjer også godt iblant. Hensikta er iallefall god.
Eg har enno ikkje lese eit verk frå ein forfattar, heller ikkje naturalistar , der karakterane ikkje får moglegheita til å ta nokre val. Og får ein ikkje valet, så er ein eit offer, ikkje diagnostisert med dødsdrift.

Dødsdrift? Myth busted!

stakkars soldat.... men inga dødsdrift..






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar