Nostalgi, EFIT, bikkje,håndarbeid, og min oppriktige mening! Scroll og kos deg.


Ha alltid med deg en bok, spilleliste og sorte poser på din vei....


May the circle be open, but unbroken
May the peace of the Godess be forever in your heart..
Merry meet, and merry part
And merry meet again.....

Mitakuye oyasin

Blessed be!







lørdag 30. januar 2021

Eg er vargtispa blant vargene i flokken ( dikt)


 

Eg er vargtispa blant vargane i flokken,

og  eg ber mine skavankar med kneisande nakke.

eit merke over auget etter ei kule som streifa 

men ikke traff

og eit arr over hofta frå eit basketak

 med ei som no er ei syster

Ganske visst manglar eg ei tann eller to

etter knoklar for harde til å tugge sjølv for meg

men eg er her enno


Eg er vargtispa blant vargane i flokken

vi leiker med kvalpane i sola som skin

og jaktar i for dei i ljoset frå månen

Eg er ho som fortel dei om gamle spor

slik at dei  kan finne nye eigne stigar

med mjuk skogsmose eller duftande fjelllyng

under haustlauv og ved museøra bjørk

og det er godt å sanse under labbane

at eg er her enno


Eg er vargtispa blant vargane i flokken

Make for min make og følgjesven

Me ular saman for gledje og sorg

Eg er ho som held ham varm i alle slags stormar

slik han helser meg når vi møtast

Vi er bunden saman av røter og løfter i blod

om trekkfuglane kjem eller dreg

Med han kan  mørkret komme eller gå

Eg er her enno


Eg er vargtispa blant vargane i flokken

som les vinden, og bekken som syng

Jordas beven er ikkje ukjent for meg og mine

Og eg veit å halde meg unna eit flammande bål

Eg  er ho som kavar i snø, rullar meg i blåbærris

og karrar meg fram på islagte  toppar

Eg er ho som finn ly bak eit rot

Og jau, eg er framleis her


Eg er vargtispa blant vargane i flokken

og ein dag vil mine dagar ta slutt

Då ventar flokken bortenfor alle blåner 

slik det er sagt og spurd 

Men akkurat no under stjerner og ein ulvefull måne

mens frostrøyken driv over myr og eng

akkurat no er eg framleis her



 


 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar