Eg er vargtispa blant vargane i flokken,
og eg ber mine skavankar med kneisande nakke.
eit merke over auget etter ei kule som streifa
men ikke traff
og eit arr over hofta frå eit basketak
med ei som no er ei syster
Ganske visst manglar eg ei tann eller to
etter knoklar for harde til å tugge sjølv for meg
men eg er her enno
Eg er vargtispa blant vargane i flokken
vi leiker med kvalpane i sola som skin
og jaktar i for dei i ljoset frå månen
Eg er ho som fortel dei om gamle spor
slik at dei kan finne nye eigne stigar
med mjuk skogsmose eller duftande fjelllyng
under haustlauv og ved museøra bjørk
og det er godt å sanse under labbane
at eg er her enno
Eg er vargtispa blant vargane i flokken
Make for min make og følgjesven
Me ular saman for gledje og sorg
Eg er ho som held ham varm i alle slags stormar
slik han helser meg når vi møtast
Vi er bunden saman av røter og løfter i blod
om trekkfuglane kjem eller dreg
Med han kan mørkret komme eller gå
Eg er her enno
Eg er vargtispa blant vargane i flokken
som les vinden, og bekken som syng
Jordas beven er ikkje ukjent for meg og mine
Og eg veit å halde meg unna eit flammande bål
Eg er ho som kavar i snø, rullar meg i blåbærris
og karrar meg fram på islagte toppar
Eg er ho som finn ly bak eit rot
Og jau, eg er framleis her
Eg er vargtispa blant vargane i flokken
og ein dag vil mine dagar ta slutt
Då ventar flokken bortenfor alle blåner
slik det er sagt og spurd
Men akkurat no under stjerner og ein ulvefull måne
mens frostrøyken driv over myr og eng
akkurat no er eg framleis her