Nostalgi, EFIT, bikkje,håndarbeid, og min oppriktige mening! Scroll og kos deg.


Ha alltid med deg en bok, spilleliste og sorte poser på din vei....


May the circle be open, but unbroken
May the peace of the Godess be forever in your heart..
Merry meet, and merry part
And merry meet again.....

Mitakuye oyasin

Blessed be!







fredag 18. november 2016

Eg og nynorsken...

... eller fjøslatin som eg også har høyrt det  vart kalla. Eg synast ikkje det er respektlaust ein gong.   Latin er da høgstatusspråk. Og det er ikkje noko stygt å seie om fjøs??
Skjønt, ein lærar nekta meg å skrive  "fjøslatin" på ei prøve i faget på ungdomskulen ein haustdag på 80- tallet. Han skulle sett meg no...

Eg sa da ikkje spynorsk mordliste, gjorde eg vel??
Dei har sorte posar i Bergen og



I sin store visdom fann Tobben "the brat" aka broileren  ut at eg måtte tilbake til skulebenken. Eller etterurdanning som det og  kallast. Det har eg blogga om før, og det er slettes ikkje verst å vere student...

Ein møter mangt og mykje ein kjenner frå før i slike høve. Så, vi møttes atter ein gong, nynorsken og eg....
Men på litt andre premissar denne gongen.. Det er som vanleg venta at ein som student, anten ein er ferdig lærar eller ikkje kan nytte både målføre. Sånn utan dill og dall.
(Meir Bergen !Endeleg kan eg nytta desse bileta som illustrasjon)


Akk ja..
Nå har eg aldri vore ein nynorskhatar. Men det er noko med at ein nyttar det så sjeldan at ein ikkje heilt får teken på sakene. Takk og lov at så mykje er blitt  lov. å skrive. Ein nyttar visse fomuleringar når ein evaluerar  elevtekstar, men å skrive fritt.?? nææææh... Ikkje heilt der...
Eg hadde ikkje noko i mot å skrive nynorsk på skulen. Forteljingar om Nord -Norge, mopedar og ulvar ,det gjekk fint.

Men det var det med slurvefeil og verb. Som eg drog med meg. Har aldri fått høyre at eg må jobba så mykje  med nynorsken heller, anna enn at eg burde vite betre enn å skrive så og så...
Heilt rett..
Og der er eg framleis . Eg har potensiale, men treng trening...
Eigersund

Eg elskar dialektar, og heiar  meir på Aasen enn Knudsen ( Sjølv om eg no fattar at han var ei likanes kar han og)
Å lese nynorsk er ikkje noko problem, men eg har kanskje stønna litt over alt som skal inn i norskfaget og tenkt at hadde det ikkje vore på tide at noko verkeleg s k a l ut. Dessutan brukar vi ikkje nok tid på nynorsk. Og da blir det kanskje eit pes av den grunn? At det ikkje sit under huda? Eg veit med meg sjølv at det buttar på meistringa. Det vart så likt... korleis var det eg bøygde......?

Ordlista er min beste ven, og i mi tid lærte vi å ha tolamod når vi skreiv. For det tar tid å nytte ordliste. Det er fånyttes å syte over at det er så slitsomt om ein skal bli god, og unngå dei raude strekane. Dei færraste er fødde gode. Vi andre må yta og trene.  Sjå over ein gong til, og så enda ein gong.Er problemet med nynorsk i tillegg til haldningane at vi møter for lite nynorsk? I så fall må vi på nynorsk-kur!

Jau, eg veit dette er ein særsak for språkfolk, og lærarar. Men eg elskar språk.
Dessutan er det ikkje berre kortvokste karar i rustning i Westeros som finn krøplingar og øydelagte saker spennande. Dei som nyttar nynorsk som hovudmål er færre enn bokmålsklanen. Javel? Og?  Om ein likar mangfold, så må ein berre like nynorsk..Læraren min på Høgskulen har sagt at i antall brukarar så er nynorsk eit språk med mange brukarar samanlikna med mange andre språk i verda!Så det så!
Folkemuseet. På Austlandet..


Jau, eg synast at nynorsken skal framhevast sjølv om Aasen var eit arrogant asen som ikkje  tok seg ein tur på flatbygdene. Je og itte hadde vore til stor hjelp for  mine elevar. Dei hadde kjent på at deira talemål vart tatt meir på alvor.
( Det er nok ikkje utan grunn at Østlandsk reisning hadde hovudsete på Romerike tidleg i forrige århundre. Med det spenstige namnet så burde dei hatt ein stor aukande oppslutning, sjølv i dag.)
Det er unekteleg noko kunstig over nynorsk i blant. Finne minste felles multiplum, langt fra talemålet til mange av oss. Men likevel...

Når det gjeld fordommar om språk så veit vi østfoldingar ein del om det.. Sjølv om vi ikkje er i nynorskland.  Så når det gjeld å væra en norskspråkleg minoritet så er ein person fra detta fylket rette person å spørje...
Herredshuset , Jessheim. 1905 stil. Nasjonalkjensle, veit du.. Og ein potent reisning..


Kort sagt, så  har eg  funne tilbake til der eg var som yngre. Nynorsk = dialekt, sjølv om nynorsken favoriserar visse delar av vårt vakre land. Størsteparten av Noreg har utan tvil ein dialekt som ligg nærare delar av nynorsken  enn riksmålet. Ja, eg sa delar. Ikkje fullt og heilt, men nære nok?

Nå er det eingong slik at vi har dette jamnstillingsvedtaket fra 1885 som seier at ein skal ha like mykje bokmål som nynorsk i dette landet, kalla Noreg på landsmålet.
Da må ein halde seg til fakta og realitetar.
Og som eg seier til mine elevar : det skal godt gjerast å få ein jobb der du ikkje skal skrive noko. Om du mottek eit brev på nynorsk så seier forvaltningslova at du pent må svara på same mål.
Dessutan , har du garanti mot kjærleiken?Mang ein austlending har funne sin betre halvdel på ein annan plass i landet. Vips, så bodde du i Region Vestland , gitt...  Å bale med nynorsk gjev deg kunnskap om språk og korleis det er bygd opp. Slikt er kjekt å kunne!

Ein skal kunne skrive i båe målformer. Da må ein skriva da. Også på fjøslatin. Til eksamen. Og elles. Sidan  ein nå er lærar og språkfantast gjer eg det. Medan eg no flyt på vågen av nyfrelst iver. Litt meir  nynorsk i bloggen og stort sett  nynorsk på fjasbokji  i desse dagar.Så får eg sjå kor lenge det varar. Eg har sett ljoset....


Ein skal kunne lese i båe målformer. Da må ein kunne ha noko å lese på. Også på fjøslatin. Derfor endra eg tidleg fjasbokji til nynorsk. Første veka eg fekk meg profil, faktisk. Det er morosamt... "Kva har du på hjartet" og"åremålsdag", ikkje "jubileum". Eg har ikkje poka nokon, men "dulta," og blitt "dulta attende".Da vi gjennomførte ståstedsanalysen på jobb i haust så bad eg om nynorsk målform. Eg humra rebelsk, men eigentleg vart ikkje analysen noko festlegare av den grunn..  Eg prøvde, det skal eg ha...
Eidsvollbygninga. Ved dette skrivebordet var Grunnloven til i 1814. Nynorsk= ytringsfridom og demokrati


Så no tar eg steget vidare. For språkleg mangfald, for norsk kultur, for likskap for loven, og for mi eiga utviklings skuld. Der fikk du den, Tobbegut.. Du som høgremann sende ein lærar over kanten til å tale nynorskens sak! Vonar den smakte!

Dessverre kan eg ikkje love det vil bli perfekt. Men eg vil gjerne få vite når eg har skrive noko ruskande gale.
Eg kjenner mi avgrensning. Det vil bli verbfeil , feilstavingar og dialektord, og det grusomme ordet slurv.
Men om eg ikkje tør dette, så lærar eg ikkje noko. Og om nokon ser at  eg som er lærar tør å blottstille meg, så vågar kanskje fleire. (  det er få setningar som provoserar meir enn dei som inneheld "Du som er lærar du skal da vel ikkje/ du veit vel at...)

Så om noko svir gloande i auga dine, og du er mer ekspert på nynorsk enn meg( noko eg ikkje betviler gjeld ein god av dei eg kjenner) , så sei ifra. Eg vil betre meg!

Om det nå skille vere slik at  du ikkje tål å lese "grautmål," så svarar eg freidig at da er det faktisk haldningane dine som styrar deg, og ikkje språket i seg sjølve.
( Som nyfrelst skal eg betala kontigenten så fort eg mottek han)
Valdresflya
( stålsett meg for haglande kritikk)

1 kommentar:

  1. The time in norwegian school should be used on english.English is being used more and more in norwegian society and even the net ,technology and tv-channels are more and more using english language :)

    SvarSlett